Vi treng fleire gode medarbeidarar i den allerede flotte personalgruppa vår!
Er det deg?
Strandvik Montessoriskule ligg i hjartet av vakre Strandvik, eit steinkast (og ein kort fergetur) frå storbyen Bergen. Naturen rundt oss er faste element i undervisninga, med både fjord, fjell og eigen skulehage.
Vi treng deg som er glad i å jobbe med menneske, som gjerne brettar opp armane og går laus på ei utfordring og som bidreg både sosialt, faglig og menneskelig.
Skuledagen er variert og givande og du blir del av ei positiv personalgruppe som tar vare på kvarandre på både regn- og solskinsdagar.
Ta kontakt med rektor Heidi Baldersheim på heidi@strandvikmontessori.no eller 958 84 563.