Skulehelsetenesta

Helsesjukepleiar er til stades på skulen torsdagar. Dersom ein ynskjer kontakt utanom denne tida kan ein ringe eller sende e-post.

Formålet med helsestasjonstenesta og skulehelsetenesta er å fremje psykisk og fysisk helse, fremje gode sosiale og miljømessige forhold og førebyggje sjukdom og skade.

Tenesta skal ha eit lett tilgjengeleg lavterskeltilbod der barn og føresette skal kunne ta kontakt utan avtale eller tilvising

Faste konsultasjonar og undervisning i barneskulen:

TRINN:

KVA:

KVAR:

1.

Helseundersøking med helsesjukepleiar og lege.

Tilbod om vaksine mot polio, difteri, stivkrampe og kikhoste

Eikelandsosen helsestasjon

2.

 

 

3.

Måling av høgde og vekt

Skulen

4.

 

 

5.

Pubertetsundervisning i grupper

Skulen

6.

Undervisning om psykisk helse

Tilbod om vaksine mot meslingar, raude hundar og kusma (MMR)

Skulen

7.

Tilbod om vaksine mot humant papillomavirus (HPV, 2. dosar)

Skulen

I tillegg til drop-in og faste konsultasjonar, kan helsesjukepleiar delta på anna aktuell undervisning, foreldremøte og tverrfagleg samarbeid.

Hos helsesjukepleiar kan elevane spørje og snakke om det dei lurer på. Dei kan få råd og rettleiing om blant anna:

  • kropp og helse, pubertet, kjærleik, legning, kjønnsidentitet, venskap, problem med venner eller familie, vanskelege tankar følelsar, og bekymringar

Nokon gonger treng ein meir hjelp. Då kan skulehelsetenesta sette deg i kontakt med f.eks. fastlege, tannlege, fysioterapeut eller psykolog.

Føresette kan få rettleiing utan at barnet er til stades.

Helsesjukepleiar har teieplikt.


Helsesjukepleiar ved Strandvik Montessoriskule

Randi Haugse Rød

E-post: rhr@bjornafjorden.kommune.no

Telefon: 488 936 81