Om skulen

Strandvik Montessoriskule ligg ved Bjørnefjorden i den vakre bygda Strandvik. Me er stolte av å kunna ønskja velkomne til den flotte skulen og det unike uteområdet vårt! Bur ein i andre bygder i Fusa kommune, har barnet ditt rett til skuleskyss dersom ein søkjer og får plass ved Strandvik montessoriskule.

Skulen vart starta opp av Strandvik Vekst AS hausten 2016. Strandvik Montessoriskule er ein heildagsskule med aldersblanda grupper i 1. – 7. trinn. Skulen fylgjer læreplanen for montessoripedagogikk.

Strandvik Montessoriskule har 49 flotte elevar fordelt på 2 grupper.

Skuleåret 2024 / 2025 er fordelinga slik:

Gruppe 1:
18 elevar på 1. – 4. trinn

Gruppe 2:
26 elevar på 5. – 7. trinn

Elevane ved skulen betalar ikkje for skulepengar, men lunsjpengar kr. 20,- pr dag. Varm lunsj ein dag i veka.

Lunsjen elevane får kvar dag vert servert i kantina vår NAM restaurant. Her får elevane smørelunsj 4 dagar i veka og varm lunsj ein dag i veka. Alle elevane på skulen et saman i kantina.

Skuledagen til elevane startar klokka 08.30. Den fyrste økta varar fram til klokka er 11.30 då lunsjen vert servert. Frå 12.00 til 12.50 har elevane leiketid. Vidare har elevane arbeidsøkt frå klokka 12.50 fram til skulen er slutt 14.15. For elevar som ikkje bur i Strandvik vert det organisert skyss med drosje. Elevar i 1.-4. klasse har tilbod om plass på SFO. SFO har ope frå kl 07.00 – 16.30.

Tysdagar og torsdagar har me felles leik og aktivitetar for heile skulen som me kallar trivselsfriminutt. Dette for å jobbe med relasjonar og trivsel for alle på skulen vår.

I tillegg til å vera ein montessoriskule med barnet si læring i fokus, satsar me på kunst, kreativitet, uteskule og er ein «Syngjande skule»!

Uteskulen varierar stad rundt i den vakre bygda vår og inneheld praktiskestetiske fag som kunst og matlaging, men og norsk, matematikk samfunnsfag og naturfag. Tema me har jobba mest opp mot i dette skuleåret er miljø. Og me har difor kalla elevane våre for miljøagentar. Målet vårt er å halda naturen rein, med ekstra fokus på strandsona