404443483_1379463886197096_7735414253184462631_n

Reisebrev frå Leirskulegjengen

Dei supre 7.klassingane våre er på leirskule på Fagerli denne veka????Her deler me eit koseleg reisebrev frå leirskulegjengen:

«Hei alle saman, me har det veldig kjekt på Fagerli.

Det er masse snø og snøar mykje i dag. Me har aka kvar kveld og stått mykje på ski. Me har baka flatbrød, dyppa lys, klatra på bruskassar og spikka julenissar.

Jentene bur i eige hus på tunet og har i dag fått 10 poeng for alle romma.

Det er mykje god mat, heimelaga brød kvar dag og dessert. I går fekk me sjokoladekake då det var ein elev som hadde bursdag.