Strandvik montessoriskule ligg ved Bjørnefjorden i den vakre bygda Strandvik. Skulen er no inne i det andre driftsåret. Me er stolte av å kunna ønskja velkomne til den flotte skulen og det unike uteområdet vårt! Bur ein i andre bygder i Fusa kommune, har barnet ditt rett til skuleskyss dersom ein søkjer og får plass ved Strandvik montessoriskule.

I tillegg til å vera ein montessoriskule med barnet si læring i fokus, satsar me på kunst, kreativitet og er dette året ein «Syngjande skule»!